Høg trivsel blant elevane i ungdomsskulen

Høg trivsel blant elevane i ungdomsskulen

Gjennom den årlege Elevundersøkinga vert elevane spurde om dei trivst godt på skulen.

Auka trivsel er eit sentralt mål i folkehelsearbeidet. For born og unge er skulen ein viktig sosial arena, og trivsel på skulen er eit gode i seg sjølv. I tillegg er trivsel på skulen sentralt i høve til elevane sin motivasjon til å lære og til å meistre skulekvardagen. At dei gjer det, har stor betyding for den psykiske og fysiske helsa. På lengre sikt kan trivsel ha betyding for fråfallet i den vidaregåande skulen.

Delen av 10. klassingar i fylket som trivst godt på skulen, er på 83,9 prosent i gjennomsnitt for dei siste fem skuleåra (2007/08 – 2011/12). Det er på nivå med landet, som ligg på 83,5 prosent i same periode. Utviklinga er positiv både for Møre og Romsdal og landet. Tala er kjønnsstandardiserte, Det betyr at det er tatt omsyn til fordelinga mellom gutar og jenter i kommunen.

Av kommunane i fylket kjem Sandøy kommune dårleg ut, der 62,8 prosent av elevane i 10. klasse trivst godt på skulen. Aller best trivst elevane i Halsa kommune, der heile 94,6 prosent av elevane svarar at dei trivst godt. Trivselen er også høg blant elevane i Sula kommune med 90,0 prosent, tett følgd av kommunane Rindal, Aure, Surnadal, Sande og Giske. Ser ein på dei tre største byane, så kjem Ålesund best ut med 86,2 prosent, deretter Kristiansund med 83,8 prosent og Molde med 82,2 prosent.

I 20 av kommunane i fylket er det ein nedgang i delen som trivst godt i 10. klasse i høve til 7. klasse. Størst er nedgangen i Sandøy og Sunndal kommunar.

Merknad til tabell:
I tabellen finn ein ikkje tal for Stordal kommune, da tala er anonymisert.

Trivsel i 7. og 10. klassetrinn i prosent

Last ned

Trivsel i skulen i 7. og 10. klasse i prosent. Skuleåra 2007/08-2011/12

Last ned