Helsestasjon og skulehelseteneste

Helsestasjon og skulehelseteneste

Helsestasjons- og skulehelsetenesta er eit lågterskeltilbod til alle unge frå 0-20 år, deira foreldre og gravide (lovfesta teneste). Ho omfattar helsestasjon for barn og ungdom, skulehelseteneste på grunn- og vidaregåande skole, foreldrerettleiingsgrupper, anna grupperetta helsestasjonsteneste, jordmorteneste, svangerskapskontroll og barselomsorg.

Gode tenester førebyggjer helseproblem og helseforskjellar når dei fangar opp barn og unge som slit med psykisk helse, fysisk helse og sosiale tilhøve. Auka satsing på førebygging og tidleg intervensjon er ein av ambisjonane i Samhandlingsreforma.

KOSTRA-tal om kommunehelse viser netto driftsutgifter til førebygging med helsestasjons- og skulehelseteneste per innbyggar i aldersgruppa 0-20 år. Når ein ser på storleiken på beløpet kommunane brukar til førebygging, helsestasjons- og skulehelseteneste, så er det store skilnader mellom kommunane i fylket. I 2012 varierer beløpet frå 948 kroner per innbyggar i aldersgruppa 0-20 år i Vanylven kommune, til 3 283 kroner per innbyggar i Kristiansund kommune.

Av dei 36 kommunane i fylket har sju kommunar redusert netto driftsutgifter til førebygging med helsestasjons- og skule-helseteneste frå 2011 til 2012. Størst er reduksjonen i Vanylven og Vestnes kommunar. Den største prosentvise styrkinga av tilbodet er gjort i Surnadal kommune, med 42 prosent, Sunndal kommune med 37 prosent og i Rauma kommune med 36 prosent. Deretter følgjer Herøy kommune med ei styrking av netto driftsutgifter på 33 prosent.

Netto driftsutgifter til førebygging; helsestasjons- og skulehelsetenesta per innb. 0-20 år. 2011 og 2012 i kroner

Last ned

Netto driftsutgifter til førebygging, helsestasjons- og skulehelsetenesta per innbyggar 0-20 år. 2012 i kroner

Last ned