God tannhelse i Møre og Romsdal

God tannhelse i Møre og Romsdal

Delen barn og unge med karieserfaring i Møre og Romsdal er om lag som i landet elles. Stadig fleire 5-åringar og 12-åringar er utan karieserfaring. Utviklinga har vore jamt positiv i heile perioden mellom 2001 og 2012.

Samstundes er det noko større skilnad mellom 18-åringar i Møre og Romsdal og i landet elles. Nasjonalt har delen utan karieserfaring halde seg på 16-18 prosent i perioden 2001-2012, medan 12-17 prosent av 18-åringane i Møre og Romsdal har vore utan karieserfaring. Det er årlege variasjonar både nasjonalt og for fylket, men nasjonalt har delen utan karieserfaring lege meir stabilt rundt 16 prosent i perioden.

Sett under eitt er det ikkje så store skilnader mellom Møre og Romsdal og landsgjennomsnittet. Det som er synleg i Møre og Romsdal, er at barn med innvandrarbakgrunn synest å vere ei risikogruppe med meir karies enn andre barn, fordi mange ofte har stor kariesaktivitet når dei kjem til landet.

God dekningsgrad

I 2012 var 95 prosent eller 50 591 barn og unge i alders-gruppa 3-18 år under tilsyn. Barn under 3 år får tilsyn av helsestasjonstenesta og blir vist til tannhelsetenesta ved behov. 94 prosent av dei psykisk utviklingshemma var under tilsyn, og for eldre og uføre i institusjon og for brukarar i heimesjukepleia, var høvesvis 82 prosent og 69 prosent under tilsyn. Dekningsgraden for 19- og 20-åringane var 67 prosent (4 675), ein tilbakegang på 1 prosentpoeng frå året før.

Rekrutteringsutfordringar

Tannhelsetenesta har 37 tannklinikkar i 34 av dei 36 kommunane i fylket. Tannhelsetenesta er organisert i 5 tannhelsedistrikt, med ein overtannlege i kvart distrikt som er fagleg og administrativ leiar. Ved utgangen av 2012 hadde tannhelse-tenesta 192 tilsette (161 årsverk). Å rekruttere tannhelse-personell til stabilitet er framleis ei hovudutfordring. For å gi befolkninga eit godt og kvalitetssikra tannhelsetilbod, er det viktig å kunne rekruttere og behalde eit godt kvalifisert personell. Dette gir store utfordringar i dagens klinikkstruktur med mange små einingar som er svært sårbare ved vakansar.

Dekningsgrad - tal pasientar under tilsyn i Møre og Romsdal etter år

Last ned

Del 5-åringar utan karieserfaring, Møre og Romsdal og landet

Last ned

Del 12-åringar utan karieserfaring, Møre og Romsdal og landet

Last ned

Del 18-åringar utan karieserfaring, Møre og Romsdal og landet

Last ned

Tilsette og årsverk i tannhelsetenesta 2012

Last ned