Fleire årsverk i pleie- og omsorg

Fleire årsverk i pleie- og omsorg

Den største gruppa av brukarar av omsorgstenester i Møre og Romsdal finn vi i aldersgruppa 80 år og eldre. Talet på brukarar i denne aldersgruppa har vore stabilt frå 2011 til 2012. Samla auka talet på brukarar av omsorgstenester i fylket med 2 prosent frå 2011 til 2012. Auken var størst for aldersgruppa 0-49 år. Her vaks talet på brukarar med 7 prosent. Ser ein på type teneste var det størst vekst i mottakarar av berre heimesjukepleie.

I Møre og Romsdal har talet på kommunale plassar i institusjon i prosent av innbyggarar på 80 år og over hatt ein svak auke frå 2011, frå 19,2 til 19,8 prosent. Dette er høgare enn for landet elles, kor talet låg på 18,8 prosent i 2012. Giske, Sula og Sykkylven skil seg frå kommunane elles i fylket med å ha under 10 prosent plassar per 100 innbyggar 80 år og eldre. Stordal, Rindal og Vestnes har derimot høgast del kommunale plassar per 100 innbyggarar i aldersgruppa 80 år og eldre.

Det er til dels store skilnader mellom kommunane i fylket når det gjeld mottakarar av heimetenester for personar i alderen 80 år og eldre. I Ørskog og Giske kommunar er delen som tek i mot slike tenester over 50 prosent. Lågast del finn vi i Nesset og Midsund, kor rundt 25 prosent av aldersgruppa tek imot heimetenester. Halsa og Stordal har høgast del bebuarar på institusjon i aldersgruppa 80 år og eldre, medan Giske, Sula og Sykkylven har under 10 prosent av denne aldersgruppa på institusjon.

I Møre og Romsdal var det 8 080 årsverk i pleie- og omsorgssektoren i 2012. Dette er ein auke frå 2011, da talet låg på 7 950. Samanlikna med landet elles hadde Møre og Romsdal ein relativ lik del årsverk per 100 innbyggar i aldersgruppa 80 år og eldre. Vestnes hadde flest årsverk per innbyggar i denne aldersgruppa, med 113,4 prosent. Lågast del årsverk hadde Hareid, med 40,2 prosent.

Nøkkeltal pleie- og omsorgssektoren 2012

Last ned