13,9 personskadar etter ulykker per 1 000 innbyggarar

13,9 personskadar etter ulykker per 1 000 innbyggarar

Ulykker som fører til personskade er ei stor utfordring for folkehelsa, og skadar og ulykker er eit område med stort førebyggingspotensiale. Ein av fire skadar skjer i heimen, dei resterande på ulike arenaer utandørs, på arbeidsplassen med vidare.

Særleg born, unge og eldre er utsette for ulykkesskadar. Vi har mange trafikkulykker i Møre og Romsdal. Ein stor del av dei som er ramma, er ungdommar og unge vaksne. Blant dei eldre er hoftebrot spesielt alvorleg, og kan føre til redusert funksjonsevne og livskvalitet.

Møre og Romsdal ligg litt over landsgjennomsnittet når det gjeld personskadar etter ulykker, med 13,9 personar per 1000 innbyggarar mot 13,2 for landet når ein ser på perioden 2009-2011. Av kommunane i fylket ligg Kristiansund høgast med 19,7 personar per 1000 innbyggarar, medan Rindal ligg lågast med 9,1 person per 1000 innbyggarar.

Som fylke ligg vi tett under nivået for landet med 2,1 personar med hoftebrot per 1000 innbyggarar mot 2,2 personar for landet. I høve til innbyggartala er det flest som pådrar seg hoftebrot i Skodje, Surnadal og Sande kommunar. Hofte-brot er folkehelse i eit nøtteskal. Fleire sektorar kan sette i verk tiltak for å unngå hoftebrot, og for kvart hoftebrot ein unngår, vert det reduserte utgifter til sjukehus, sjukeheim og kommunal rehabilitering.

Personskader etter ulykker per 1000 innbyggarar1

Last ned

Personskadar etter ulykker 2009-2011 per 1000 innbyggarar

Last ned