Vekst i biomarin næring
Vekst i biomarin næring
Møre og Romsdal, og spesielt området i og rundt Ålesund, har ein stor konsentrasjon av marine ingrediensbedrifter som har hovudaktivitet innan reinsing, raffinering og oppkonsen-trering av marine oljar. Ein stor del av bedriftene baserer seg på importert råstoff frå utlandet, men Møre og Romsdal er det fylket i landet som i størst grad utnyttar restråstoff frå laksenæringa til produksjon av fiskemjøl og oljar.
Marin ingrediensindustri har hatt stor vekst frå starten av 2000-talet. I 2011 vart det omsett for 8,1 milliardar kroner, inklusive fiskemjøl- og fiskeoljeindustri og taremjøl-/alginatprosessering. I Møre og Romsdal er innteninga estimert til 1,7 milliardar for 2012. Industrien er svært forskings- og kompetanseorientert.