Under 4 prosent av landarealet er jordbruksareal

Under 4 prosent av landarealet er jordbruksareal

Litt under 4 prosent av landarealet i Møre og Romsdal er jordbruksareal. Bøndene i fylket disponerte knappe 560 000 dekar ved årsskiftet 2011-2012. Det er ein nedgang i jordbruksareal på om lag 50 000 dekar på ti år.

Nesten alle kommunane i Møre og Romsdal har nedgang i dyrka areal. Det er store skilnader mellom kommunane når det gjeld nedgang i areal: Den største prosentvise nedgangen finn vi på Sunnmøre, medan dei store landbrukskommunane i midtre og nordre del av fylket har hatt ein mindre nedgang.

Den største avgangen i jordbruksareal skjer ved at areal i drift vert teke ut av bruk og ikkje vert vedlikehalde. Årsakene til dette kan vere mange, t.d. dårleg arrondert areal, arealet ligg avsides til, gir dårleg avling grunna dårleg jordsmonn eller at jorda er vassjuk. Eit anna døme er beiteareal som går ut av bruk når bøndene sluttar med husdyr eller reduserer dyretalet. Det kan tyde på at fleire samdrifter gir mindre beiting med mjølkekyr. Kor raskt overgangen frå jordbruksareal til anna areal går, er avhengig av naturgitte forhold som jordtype og klima. I område med godt jordsmonn og klima vil attgroing med kratt og skog starte raskt. I praksis er desse områda tapte som produksjonsareal.

Utvikling i disponert areal, 2003 - 2012i Møre og Romsdal

Last ned

Endring disponert areal, 2003-2012

Last ned