Sterke jordbrukskommunar kjøper opp mjølkekvote

Sterke jordbrukskommunar kjøper opp mjølkekvote

Mjølkeproduksjonen er fundamentet for landbruket i nordvest, og det er derfor særleg interessant å sjå på utviklingstrekka for denne produksjonsgreina. Det er mange som seljer mjølkekvota og går ut av næringa, men ledig kvote er etterspurt av dei som satsar. Oppkjøp av mjølkekvote er ofte knytt til større investeringar og produksjonsauke. Utviklinga er ikkje lik over heile fylket. Tal viser at bønder i sterke jordbrukskommunar som Fræna, Surnadal og Rindal kjøper opp mjølkekvote, medan dei fleste kystkommunane går tilbake. Dette skuldast naturgitte forhold, men vi ser også ein klar smitteeffekt av å vere i sterke miljø. Nedgangen i mjølkekvote er størst i kommunane Aure, Averøy og Smøla. Utviklinga går fort i retning av større og færre bruk.

Disponibel kumjølkkvote i liter fordelt etter fylke 2013 (tal i mill.)

Last ned

Nettokjøp kumjølkkvote 2003 - 2012 (tal i 1000 liter)

Last ned