Nedgang i jordbruksarealet
Nedgang i jordbruksarealet
I perioden 2006 til 2012 har det vore noko nedgang i jordbruksarealet i alle fylke, med unntak av Oslo. Møre og Romsdal, saman med Sogn og Fjordane, Troms og Nordland har hatt størst prosentvis reduksjon i perioden.
I vårt fylke er det omdisponert mykje meir dyrkbar jord enn dyrka jord. Jordlova skil ikkje på verdien av dyrka mark og dyrkbar mark, fordi begge kategoriane er ein ressurs for framtidig matproduksjon. Statistikken viser likevel at dyrkbare areal har eit dårlegare vern her i fylket.
Attgroing og nedbygging er den generelle årsaka til at dyrka og dyrkbar jord går ut som jordbruksareal. Nedgangen i jordbruksareal vil naturlegvis få følgjer for landet si evne til eigen matproduksjon.