Færre fiskarar, store verdiar
Fiskeflåten i Noreg har vore gjennom store strukturendringar sidan tidleg på 80-talet. Dette har ført til kraftig nedgang i talet på fiskefartøy og registrerte fiskarar i landet. Teknologiske hjelpemiddel og forbetra og effektive fangstreiskap og fartøy gjer at fiskarane i dag er meir effektive enn for nokon tiår sidan.
I 2012 var det registrert 668 fiskefartøy frå Møre og Romsdal, ein reduksjon på 20 fartøy frå 2011. Fartøy frå Møre og Romsdal har fleire konsesjonar enn noko anna fylke, noko som heng saman med at fylket har ein stor havfiskeflåte. I 2012 var det 2 170 personar som hadde fiske som hovudyrke i Møre og Romsdal. Dette var 116 færre enn året før. Berre Nordland har fleire personar som har fiske som hovudyrke enn Møre og Romsdal. I tillegg hadde 265 personar fiske som sekundæryrke i fylket, ein nedgang på 80 personar samanlikna med 2011.
I 2012 eksporterte fiskerinæringa fisk til ein verdi på om lag 22,5 milliardar kroner, med eit volum på nærmare 1,4 millionar tonn. Fangstverdien for Møre og Romsdal var på 1,8 milliardar for eit volum på 212 000 tonn.