Eksporterte sjømat for 14,4 milliardar kroner
Noreg er den nest største eksportøren av sjømat i verda, og globalt vert det servert 33 millionar måltid norsk sjømat kvar dag i 130 ulike land. I 2012 eksporterte Noreg sjømat for nesten 52 milliardar kroner, ein nedgang på ca. 2,5 prosent samanlikna med 2011. Samtidig auka volumet med ca. 3,7 prosent, til 2,5 millionar tonn. I 2012 eksporterte Møre og Romsdal sjømat for 14,4 milliardar kroner, i alt om lag 586 000 tonn.
Noreg er verdsleiande på oppdrett av atlantisk laks. Hovudmarknaden for atlantisk laks er EU og Russland. Desse er også dei største mottakarane av eksport av sjømat frå den tradisjonelle fiskerinæringa.
Fylket var i 2012 det 5. største oppdrettsfylket når det kjem til mengde og verdi, med 132 000 tonn og ca. 3 milliardar kroner. Dette er ein nedgang frå 2011. Lågare prisar, utbrot av sjukdommen PD og nedlegging av slakteri er sentrale årsaker til dette. Fylket er tredje størst i landet i løyve på matfisk, settefisk, stamfisk og FoU.
Talet på løyve for lakseoppdrett har vore stabil i Møre og Romsdal siste tre år. For andre marine artar og skaldyr har talet på løyve gått ned. Strukturering innan lakseoppdrettsnæringa, spesielt innan matfiskleddet, har ført til at det per i dag er ni selskap som produserer matfisk i Møre og Romsdal. 95 prosent av matfiskløyva er eigd av tre store selskap. Med unntak av Hordaland og Nordland er dette ei utvikling som også skjer i andre oppdrettsfylke langs kysten.
Siste fire år har det vore vekst i sysselsettinga i havbruksnæringa. Den største veksten har skjedd innanfor matfisksegmentet, medan det har vore ein liten reduksjon i marin settefisk og matfisk.