Auke i uttak av skog

Auke i uttak av skog

I Møre og Romsdal er ein no kome over i ein gryande haustingsfase etter den aktive skogreisinga som starta på 50-talet. Dei siste åra har det vore ein markert auke i avverkinga. Høg avverking i 2012 skuldast dels orkanen Dagmar, men det har vore ei markert auke sidan 2009. Bruttoverdien av tømmeret hogd for sal i 2012 var over 55 millionar kroner. Enkle prognosar ut frå talet på planta gran viser at hogsten kan doblast i næraste framtid. Møre og Romsdal har ein krevjande topografi når det gjeld å drive skogbruk, men ressurstilgangen vil føre til større aktivitet i åra framover.

Hogst av industrivirke (m3) Møre og Romsdal 2003-2012

Last ned