Sterk auke i kraftforbruket

Sterk auke i kraftforbruket

Målt kraftforbruk i Møre og Romsdal var i 2012 på 10 800 GWh. Størstedelen av elektrisiteten blir brukt i den kraftintensive industrien (6600 GWh). Forbruket i denne delen av industrien har auka med bortimot 90 prosent sidan 2002. Forbruket til alminneleg forsyning (korrigert for temperatur) har ligge jamt rundt 4000 GWh i same tidsperiode. Det var svak vekst i alminneleg forbruk dei første åra, men dette har flata ut etter 2010.

Med tanke på globale klimagassutslepp bør produksjonen av kraftkrevjande produkt i størst mogleg grad skje der det er tilgang på fornybar kraft og moderne teknologi. Det er difor planar for framleis vekst innan kraftintensiv industri i Møre og Romsdal. Om ein føreset drift ved SU3 (Hydro aluminium Sunndalsøra), auka ilandføring av gass på Nyhamna og etablering av jarnverk på Tjeldbergodden, vil årsforbruket auke med nesten 2 000 GWh fram til 2015 og over 3 000 GWh fram til 2025. Samstundes fører store energieffektiviseringsprosjekt hos desse bedriftene til at produksjonen aukar raskare enn energiforbruket.

Det vert arbeidd for å auke produksjonen av fornybar kraft, slik at vi blir mindre avhengige av import. Total kraftproduksjon i 2012 var på over 7 000 GWh, der knapt 500 GWh kjem frå vindkraft. I 2012 vart det gjeve konsesjonar for utbygging av 3 GWh vasskraft, medan det hittil i 2013 er gjeve konsesjon til å bygge ut 56 GWh. NVE har gjeve innstilling om konsesjon for ytterlegare 52 GWh, og 867 GWh er varsla, omsøkt eller til høyring. Store delar av dette utbyggingspotensialet er avhengig av betre linjekapasitet, til dømes gjennom utbygging av 420 volts linje frå Ørskog til Fardal.

Elektrisitetsforbruk og produksjon (Scenario høgt)

Last ned