Salet av fyringsolje går ned

Salet av fyringsolje går ned

Salet av fyringsolje i Noreg har gått nedover i fleire år. Dette skuldast høge oljeprisar, men noko av årsaka ligg og i politiske mål om reduserte klimagassutslepp.

Mange førebur seg på forbodet mot fyring med fossil olje i 2020. Stadig fleire kommunar i fylket legg om til fornybare kjelder som varmepumper, flisfyrte anlegg, naturgass, og fjernvarme frå industri og avfallsforbrenning. Også i private hushald er det mange som fasar ut oljefyren. I ei ny undersøking seier 63 prosent av befolkninga at dei ser på hus med oljefyrar som mindre attraktive når dei skal kjøpe seg ein ny heim.

Totalsal av fyringsolje og -parafin i Møre og Romsdal (GWh)

Last ned