Mykje av avløpet blir i liten grad reinsa

Mykje av avløpet blir i liten grad reinsa

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for å følge opp den norske vassforskrifta. Gjennom dette arbeidet skal alt vatn i Noreg oppnå god eller svært god miljøtilstand. Gjennom dokumentet ”Vesentlege vassforvaltningsspørsmål” er avløp identifisert som ei av utfordringane for å nå målet.

Graden og typen av reinsing av avløp varierer frå kommune til kommune. Statistikken er noko usikker, då det er ulikt korleis kommunane forvaltar og rapporterer data. Det er likevel tydeleg at mykje av avløpet i liten grad blir reinsa. Bykommunane arbeider med å etablere forskriftmessig handtering av avløpsvatn. I mange kommunar er det liten grad av reinsing av avløpet. Det er om lag 7 700 ureinsa direkteutslepp av kloakk i Møre og Romsdal. Store resipientar, som til dømes havet og fjordane, kan tåle denne typen utslepp. Men om avløpet blir sendt ureinsa ut i nærleiken av sårbare område, kan det gi negative konsekvensar for folkehelse og naturmangfald.

Grad av reinsing avlaup per kommune 2012 i %

Last ned