Sterkast folketalsvekst i kommunar kring Ålesund

Sterkast folketalsvekst i kommunar kring Ålesund

Frå 2003 til 2013 auka folketalet i Møre og Romsdal med 6,2 prosent. Denne veksten er ulikt fordelt mellom kommunane i fylket. I absolutte tal har veksten vore størst i Ålesund med nærare 5 338 personar. I relative tal var auken på 13,4 prosent, noko som er godt over både fylkes- og landsgjennomsnittet i perioden.

Relativt har folketalsauken vore størst i Skodje, med 19,3 prosent. Dette er 13,1 prosent meir enn fylkesgjenomsnittet og 8,3 prosent meir enn landsgjennomsnittet. Men også i Ulstein, Giske og Sula har auken vore stor, i alle 15 prosent eller meir.

Blant kommunane som har hatt størst relativ tilbakegang i befolkninga dei siste 10-åra, er Vanylven, Norddal og Halsa. Dette er i utgangspunktet små kommunar, der det som er små endringar i absolutte tal, får store utslag relativt sett.

Folketilveksten i Møre og Romsdal etter type siste 10 åra

Last ned

Folkemengde 1. 1. 2013 og endringar i året før

Last ned