Stadig aukande mannsoverskot
Det var 131 730 menn og 127 674 kvinner registrert busett i Møre og Romsdal ved inngangen til 2013, noko som gir 4 056 fleire menn enn kvinner. Ved inngangen til 2012 var det 3 332 fleire menn enn kvinner. Det betyr at mannoverskotet auka med 724 personar i fjor. Til samanlikning auka mannsoverskotet med 680 personar frå 2011 til 2012.
Ved årsskiftet var det 20 541 fleire menn enn kvinner i Noreg. Ved inngangen til 2012 var det tilsvarande talet 11 871. Første gong det var registrert mannsoverskot i Noreg, var ved inngangen til 2011. Då var mannsoverskotet på 1 400. Dette viser ei særs kraftig utvikling dei siste tre åra.
Det er ulike demografiske tilhøve som ligg bak det veksande mannsoverskotet. Den klart viktigaste årsaka er flyttingane til Noreg. At det blir fødd fleire gutar enn jenter, og at vi har ein situasjon der det no er fleire kvinner enn menn i alderen der det døyr flest, bidreg også til å auke mannsoverskotet.
I 2013 er det mannsoverskot i 32 av 36 kommunar i fylket. Kommunane med kvinneoverskot i 2012 var Volda, Norddal, Stordal og Rindal.
Ved årsskiftet var delen menn i befolkninga i fylket 50,8 prosent. Til samanlikning var delen 53,1 i Sande og 52,5 i Ulstein. Kommunen med høgast del kvinner var Stordal med 51 prosent. Dette er om lag 2 prosent høgare del enn i Møre og Romsdal elles.
På same tid var det klart fleire menn enn kvinner i alle aldersgruppene frå 0-69 år, spesielt i aldersgruppene 20-29 år, 30-39 år og 40-49 år. Her var mannsoverskotet mellom 1 600 og 1 800 i kvar gruppe. Samtidig var det klart flest kvinner i alderspruppa 70 og eldre. Blant dei som er 80 år og eldre, var det ved årsskiftet 3 649 fleire kvinner enn menn.