Nedgang i fødselstala
I 2012 vart det fødd 2 833 barn i Møre og Romsdal. Det er 4,7 prosent av alle fødde barn i Noreg. Samla fruktbarheitstal for kvinner i Møre og Romsdal var i 2012 på 1,93. Dette er det svakaste fruktbarheitstalet i fylket sidan 2006. Toppen var i 2009 med 2,13.
Fruktbarheitstalet for kvinner er høgare i Møre og Romsdal enn i landet elles. Møre og Romsdal er blant fylka med høgast fruktbarheitstal i Noreg. Berre Rogaland, Vest-Agder, Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag hadde høgare tal i 2012. Sett under eitt var samla fruktbarheitstal for kvinner 1,85 i 2012. For tredje år på rad gjekk fruktbarheita ned i Noreg, etter ein topp i 2009 på 1,98.
I Møre og Romsdal gjekk fødealderen litt ned blant gifte i 2012. Gjennomsnittsalderen til førstegongsfødande kvinner var 31,5 år. Gjennomsnittsalderen for menn var 35,4 år når det første barnet kom. Dette er ein liten nedgang på 0,1 år frå året før, for begge kjønn. Gjennomsnittsalderen blant sambuarar og einslege var lågare, for begge kjønn.
Utviklinga i tal fødde viser at det blir fødd stadig færre barn i Møre og Romsdal. Trenden er årleg nedgang. Nedgangen heng først og fremst saman med at talet på kvinner i aldersgruppa 15-49 år går ned, for samla fertilitetstal har halde seg på same nivå dei siste åra. Samla fertilitetstal for kvinner i Møre og Romsdal i perioden 2008-2012 var på 2,01. Til samanlikning var landsgjennomsnittet på 1,9.
Fødselsoverskotet i Møre og Romsdal var i 2012 på 562. Det var fødselsoverskot i 24 kommunar i fjor. Som i 2010 og 2011 var fødselsoverskotet størst i Ålesund, med 213 i 2012. Alle kommunane på Sunnmøre hadde fødselsoverskot i fjor, med unntak av to.
12 kommunar hadde fødselsunderskot. Størst underskot var det i Sunndal og Surnadal. Blant kommunane med fødsels-underskot, var over halvparten nordmørskommunar.