Møre og Romsdal – 9. plass mellom fylka

Møre og Romsdal – 9. plass mellom fylka

Med ein folketilvekst på 1,1 prosent plasserer Møre og Romsdal seg på ein delt 9. plass mellom fylka, saman med Troms og Aust-Agder. Folketalet vaks i alle fylka i 2012, men størst var den relative auken i Rogaland, Oslo og Akershus.

I eit 10-års perspektiv skil Oslo seg frå dei andre fylka ved å ha den relativt klart største auken, med 20,6 prosent. Til samanlikning var veksten i landet på 11 prosent og 6,2 prosent i Møre og Romsdal i same periode. Dette plasserer fylket på ein 11. plass mellom fylka i denne perioden.

At Møre og Romsdal har ein svakare relativ vekst i folketalet enn landet elles, fører til at stadig færre høyrer heime i Møre og Romsdal relativt sett. Medan fylket sine innbyggjarar utgjorde 5,6 prosent av samla folketal i Noreg i 1993, var det tilsvarande talet 5,1 ved inngangen til 2013.

Endring i folketalet siste år i prosent

Last ned