Folkeveksten held fram!
Det var registrert 259 404 busette i Møre og Romsdal ved inngangen til 2013. Dette er 2 776 fleire enn året før. Relativt auka folketalet med 1,1 prosent. Dette er den same relative auken som året før, og knappe 0,2 prosentpoeng svakare enn for landet elles i 2012.
Nettoinnflyttinga til fylket forklarar nærare 80 prosent av folketalsauken siste år, medan fødselsoverskotet forklarar litt over 20 prosent. Nettoinnvandringa til Møre og Romsdal var i 2012 på 3 096 personar. Dette er ein auke på fleire enn 250 personar, og er den høgaste nettoinnvandringa som er registrert i Møre og Romsdal. Blant dei som innvandra til fylket i fjor, hadde nærare 70 prosent europeisk statsborgarskap, og fleirtalet av desse kom frå Polen eller dei baltiske statane.
Fødselsoverskotet i Møre og Romsdal varierer mykje frå år til år. I 2012 var det på 562. Dette er 100 færre enn året før, men om lag på gjennomsnittet for perioden 2003-2012.
Målt i absolutte tal var folketalsauken størst i Ålesund (617 personar), Molde og Kristiansund. Relativt var han størst i Giske, med 3,1 prosent. Sterkast tilbakegang i folketalet var det i Halsa, målt i både absolutte tal og relativt.
Per 1. juli 2013 var det registrert 260 393 busette i Møre og Romsdal, ein auke på 0,4 prosent første halvår eller 989 personar. Medan nettoinnflyttinga utgjer 78,2 prosent av folke-talsauken i perioden, utgjer fødselsoverskotet 21,8 prosent.