Folketalsauke i 27 kommunar
Folketalsauke i 27 kommunar
I 2012 vaks folketalet i 27 av fylket sine kommunar. I absolutte tal var veksten størst i Ålesund, Molde og Kristiansund. Sett bort frå desse, hadde Giske, Sula, Volda og Fræna kommunar den største folketalsauken, alle over 130 personar. Vanylven hadde den største folketalsnedgangen målt i absolutte tal.
Relativt sett var veksten sterkast i Giske, med 3,1 prosent. Dette er 2 prosent meir enn fylkesgjennomsnittet og 1,8 prosent meir enn landsgjennomsnittet. Størst relativ tilbakegang i folketalet var det i Halsa.
Blant kommunane med vekst i folketalet hadde 18 kommunar ein vekst som var lik eller sterkare enn fylket elles (1,1 prosent), og 16 hadde ein vekst som var lik eller over det nasjonale gjennomsnittet (1,3 prosent).