Flytteoverskot i 28 av kommunane

Flytteoverskot i 28 av kommunane

Av fylket sine 36 kommunar hadde 28 eit flytteoverskot i 2012. Størst flytteoverskot hadde Ålesund med 406 flyttingar, følgd av Molde og Kristiansund. I 13 av desse kommunane var tilflyttinga større enn 1 prosent av folketalet ved inngangen til 2013.

Åtte kommunar hadde innanlandsk flytteoverskot. Klart størst vinst hadde Giske med 120 flyttingar. Av byane i fylket, var det berre Molde som hadde innanlandsk flytteoverskot i 2012. Alle dei andre kommunane i fylket (altså 28 av 36 kommunar) hadde innanlandsk nettoutflytting. Ålesund hadde det største flyttetapet med 244 flyttingar. Deretter følgjer Sunndal, Sykkylven og Stranda. I prosent av folketalet var det innanlandske flyttetapet størst i Sandøy og Halsa.

Innvandringa frå utlandet er ein sentral årsak til folketals-auken i Møre og Romsdal og fleirtalet av kommunane i fylket. Samtidig ser vi at innvandrarane er mindre stadbundne, og deira framtidige busettingsmønster vil ha avgjerande innverknad på befolkningsutviklinga i åra som kjem. Av fylket sitt innanlandske flyttetap på -886, var 473 av desse flyttingar blant innvandrarar og norskfødde med innvandrar-bakgrunn. Dette utgjer over 53 prosent av det innanlandske flyttetapet i 2012, noko som er ein auka på 17 prosentpoeng frå 2010. Tal frå perioden 2008 til 2012 viser at flyttingar blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn utgjer ein aukande del av det innanlandske flyttetapet til fylket.

Blant dei ulike aldersgruppene i befolkninga, er det personar i aldersgruppa 20-29 år som flyttar mest på seg. Så også i Møre og Romsdal. Fylket sitt innanlandske flyttetap for denne aldersgruppa var i 2012 på 887 personar, noko som er ein liten auke frå året før. Dette er ein periode i livet da mange flyttar i samband med utdanning, arbeid og familieetablering. Trenden synest å vere ein auke i fylket sitt innanlandske flytte-tap for denne aldersgruppa, og i dei fem åra mellom 2008-2012 var det samla flyttetapet på nærare 4 000 personar for denne gruppa.

Nettoflytting (all flytting) 2012

Last ned

Tal år med positiv innanlands nettoflytting i perioden 2008-2012

Last ned

Innanlandsk nettoflytting i Møre og Romsdal 2008-2012

Last ned