Få kvinner i aldersgruppa 20-39 år
Ved inngangen til 2013 var det i Møre og Romsdal 89,9 kvinner per 100 menn i aldersgruppa 20-39 år. I Noreg var det tilsvarande talet 95,1 per 100 menn. Dette er ein lågare del enn året før, både for fylket og landet. Alle fylka hadde underskot i denne aldersgruppa i 2012, med unntak av Oslo. Møre og Romsdal var på ein desidert sisteplass mellom fylka, akkurat som i 2011.
Ved årsskiftet var det ingen kommunar i fylket som hadde fleire kvinner enn menn i denne aldersgruppa. Dette er nytt, då det tidligare har vore 2-3 kommunar som har skilt seg frå dei andre kommunane på dette området. Til dømes var det i Norddal 114 kvinner per 100 menn i denne gruppa i 2012. Eitt år seinare var det 99 kvinner per 100 menn.
Migrasjonsstrømmane er ei sentral årsaksforklaring til den låge delen kvinner per 100 menn i fylket. Innanlandsk flyttetap, saman med stor nettoinnvandring frå utlandet, der majoriteten av tilflyttarane er menn i alderen 20-49 år, har stor innverknad på kjønnsbalansen i aldersgruppa.
Trass i at delen kvinner per 100 menn i aldersgruppa 20-39 år har gått ned frå 90,3 i 2011 til 89,9 i 2012, har delen kvinner auka i fleire kommunar i fylket. Ei årsak er at det i 2012 var 120 fleire kvinner blant nettoinnvandrarane enn året før. Samtidig var det om lag like mange menn som nettoinnvandra i 2011 og 2012. Til saman vil dette påverke kjønnsbalansen i aldersgruppa ved at det blir fleire kvinner per 100 menn. Samtidig vil små tal i små kommunar gi store utslag. Utviklinga i Sande og Ulstein kommunar, som hadde det største kvinneunderskotet i aldersgruppa både i 2011 og 2012, er eit godt døme på dette. Her er forholdstalet mellom kvinner og menn i gruppa betra, og i begge kommunane auka delen kvinner som nettoinnvandra frå 2011 til 2012.