Auke i fylket sitt innanlandske flyttetap
I 2012 hadde sju av fylka i Noreg innanlandsk flytteoverskot. Klart størst vinst hadde Akershus med 3 017 flyttingar. 12 fylke hadde innanlandsk nettoutflytting. Nordland hadde størst flytte-tap med 1 437 flyttingar. Deretter følgjer Sogn og Fjordane, Oppland og Møre og Romsdal. I prosent av folketalet var det innanlandske flyttetapet størst i Sogn og Fjordane og Finnmark.
Møre og Romsdal sitt innanlandske flyttetap var i 2012 på -886. Ei auke frå året før på -121.
Ser vi på alle flyttingar under eitt, både innanlandske og frå og til utlandet, hadde alle fylka eit flytteoverskot i 2012. Flyttingane frå utlandet medverkar til eit flytteoverskot som har auka jamt dei siste åra. Møre og Romsdal har hatt eit samla flytteoverskot dei siste sju åra. I 2012 var flytteoverskotet i fylket på 2 210 flyttingar.