300 000 innbyggjarar om 20 år

300 000 innbyggjarar om 20 år

Folketalsauken er venta å halde fram i åra som kjem, og dei neste 10 åra er folketalet i fylket venta å auke med 27 000 innbyggjarar. Fram mot 2032 førespeglar framskrivingane1 ein auke på nærare 50 000 innbyggjarar.

Fram mot 2022 er det venta folketalsauke i 32 kommunar i fylket. I 6 av desse er veksten venta å vere større enn i landet elles (12,6 prosent), og i 13 er veksten venta å vere større enn fylkesgjennomsnittet (10,6 prosent). Størst vekst er venta i Ulstein og Skodje kommunar, i begge med om lag 25 prosent. Framskrivingane mot 2022 førespeglar dessutan ein tilbakegang i folketalet i fire kommunar, størst i Vanylven (-8 prosent).

Framskrivingane for kommunane Ålesund, Molde og Kristiansund er positive, og for Kristiansund og Ålesund er veksten venta å vere større enn den nasjonale fram mot 2022.

Folketilveksten er venta å vere særleg høg i dei første framskrivingsåra, og så vil han minke utover i perioden. Ein sentral årsak er flyttemønsteret til innvandrarane. Det er høgare sannsyn for at desse utvandrar enn resten av befolkninga. Over tid vil det føre til ein auke i utvandringa, og dermed ein reduksjon i nettoinnvandringa.

Dersom folketalsauken følgjer prognosane til SSB, vil Møre og Romsdal ha 304 000 innbyggjarar i 2032. I perioden 2022-2032 er det venta vekst i 31 av kommunane i fylket. Størst auke er venta i Skodje, med 17 prosent. Framskrivingane indikerer ein relativ nedgang i folketalet i fem kommunar, størst i Vanylven.

Føresetnadane for denne utviklinga er at den følgjer SSB sitt mellomalternativ (MMMM), som er definert som middels nasjonal vekst med middels fødselstal, middels levelader, middels innanlandsk mobilitet og middels nettoinnvandring. Samtidig er det viktig å understreke at det er usikkert om framskrivingane gir eit godt bilde av utviklinga framover. Den usikre faktoren er i sørleg grad innvandringa, då den er avhengig av den økonomiske situasjonen framover.

Venta folketalsvekst neste 10 åra fordelt på aldersgrupper

Last ned

Venta folketalsvekst i prosent fram mot 2032

Last ned

Venta folketalsvekst neste 10 åra i prosent mot 2022

Last ned