Dei største tettstadsentera ligg i ein ytre akse langs kysten

Dei største tettstadsentera ligg i ein ytre akse langs kysten

Dei fleste større sentera i fylket ligg i ein ytre akse langs kysten, med eit tyngdepunkt på Sunnmøre. Alle senter med over 1 000 innbyggarar er kommunesenter, med unntak for dei tidlegare kommunesentera Vatne, Isfjorden og Reinsvik, og industristaden Tomra.

I gruppa 500-1 000 innbyggarar finn vi kommunesentera Larsnes, Stordal, Midsund, Aukra, Eidsvåg, Rindal og Aure og dei to tidlegare kommunesentera Roald og Bud. I denne gruppa finn vi også viktige industristader som Ikornes og Søvik, sjukehusbygda Hjelset og nokre meir bustadprega tettstader.

7 kommunesenter har mindre enn 500 innbyggarar: Fiskå, Sylte, Steinshamn, Batnfjorden, Bruhagen, Liabø og Hopen. Dei to sistnemnde har under 200 innbyggarar, og er såleis ikkje tettstader i formell forstand.

Tettstader med meir enn 500 innb. Kommunesenter og andre regionale senter 2012

Last ned