Størst innanlandsk flyttegevinst av barn og unge til Molde
Møre og Romsdal hadde både innanlandsk og utanlandsk flyttegevinst av barn og unge i alderen 0–17 år i 2012. Blant kommunane i fylket var det Molde som hadde den største innanlandske flyttegevinsten, og Ålesund hadde det største innanlandske flyttetapet. I Ålesund var det mange som flytta i aldersgruppa 0–5 år, noko som kan indikere at det er småbarnsfamiliar som flyttar frå kommunen.
I alt hadde 12 av 17 kommunar på Sunnmøre positiv innanlandsk nettoinnflytting i aldersgruppa 0-17 år i 2012. Av Romsdalskommunane hadde 5 av 8 positiv nettoinnflytting, mens berre 4 av 11 kommunar på Nordmøre opplevde det same på same tid.
Når det gjeld nettoinnvandringa av barn og unge i aldersgruppa 0–17 år frå utlandet, var det Ålesund som har flest med 126 i 2012 deretter Molde, Sunndal og Kristiansund. I alt for heile fylket 677 i denne aldersgruppa.