9 prosent av barn og unge har utanlandsk bakgrunn
Av barn og unge i Møre og Romsdal hadde 9 prosent utanlandsk bakgrunn ved inngangen til 2013. Dette talet er lågare enn for landet elles, som var på 14 prosent. Blant barn og unge med utanlandsk bakgrunn skil vi mellom ulike kategoriar1. Av desse er den største gruppa norskfødde med ein utanlandsfødd forelder. Den nest største gruppa barn og unge med utanlandsk bakgrunn i Møre og Romsdal, er innvandrarar.
Barn og unge frå 0-17 år med to utanlandsfødde foreldre kan vi til ein viss grad identifisere opphavslandet til. Av desse har dei fleste bakgrunn frå land utanfor Europa2. Deretter finn vi flest frå Aust-Europa. Færrast har vi frå Nord-Amerika og Oseania. Av bykommunane utmerkar Ålesund seg med ein stor del barn og unge med bakgrunn frå Aust- Europa, medan Kristiansund har størst del barn og unge med bakgrunn frå Vest-Europa.