Regionale skilnader i talet på mottakarar av uførepensjon

Regionale skilnader i talet på mottakarar av uførepensjon

Ved utgangen av 2. kvartal 2013 var det 14 251 personar som heva uførepensjon. Dette var ein nedgang frå same tid frå 2012, da talet låg på 14 507 personar.

Det synest å vere ein skilnad mellom regionane når det gjeld talet på mottakarar av uførepensjon. På Nordmøre har 8 av 11 kommunar over 10 prosent uføre i befolkninga. Blant kommunane på Sunnmøre er det 1 kommune som har over 10 prosent uføre i befolkninga. Det same gjeld kommunane i Romsdal. Størst del uføre finn vi på Smøla, i Halsa og Kristiansund. Lågast del finn vi i Stordal, Ulstein og Stranda.

Mottakarar av uførepensjon etter kommune, 30.06. 2013

Last ned

Del mottakarar av uførepensjon i befolkninga 2013 i prosent

Last ned