Nedgangen i sjukefråværet held fram

Nedgangen i sjukefråværet held fram

Frå 2. kvartal i 2012 til 2. kvartal i 2013 hadde Møre og Romsdal ein nedgang i det legemeldte sjukefråværet på 0,2 prosentpoeng. Sjukefråværet i fylket er no likt det nasjonale nivået på 5,1 prosent.

Det legemeldte sjukefråværet er høgare for kvinner enn for menn. Medan sjukefråværet for kvinnene har gått ned frå 7,3 prosent til 7 prosent i perioden, har sjukefråværet for menn gått ned frå 3,9 til 3,7 prosent på same tid.

I perioden har sjukefråværet gått ned eller halde seg stabilt i 28 av kommunane i fylket. Stordal og Ørsta hadde høgast del sjukefråvær i 2013, medan det var lågast i Sandøy og Sande kommunar. 14 kommunar hadde eit sjukefråvær som fylkes- og landsgjennomsnittet (5,1 prosent).

Det var innan tenestenæringane at sjukefråværet i fylket var høgast 2. kvartal 2013, med 5,5 prosent sjukefråvær. Dette er eitt prosentpoeng høgare enn for primær- og sekundær-næringane i fylket. Det ligg på 4,4 prosent.

Legemeldt sjukefråvær Møre og Romsdal etter kjønn 2009-2013 (2. kvartal)

Last ned

Legemeldt sjukefråvær Møre og Romsdal etter næring 2009 - 2013 (2. kvartal)

Last ned