Låg arbeidsløyse i fylket

Låg arbeidsløyse i fylket

Ved utgangen av september 2013 var arbeidsløysa i Møre og Romsdal på 2,0 prosent av arbeidsstyrken. I Noreg var ho 2,6 prosent. Blant fylka var arbeidsløysa minst i Rogaland (2,0 prosent) og høgast i Østfold (3,5 prosent). Møre og Romsdal er på tredje plass blant fylka.

Det er ein viss variasjon i arbeidsløysetala mellom kommunane i fylket. Størst er dei i Stordal, med 4,4 prosent. Deretter følgjer Ørskog, Hareid og Kristiansund. I desse kommunane er arbeidsløysa større enn i landet elles. Arbeidsløysa var lågast i Rindal (0,7 prosent). Også i Norddal, Aure og Vanylven var arbeidsløysa låg.

Utviklinga i perioden 2008-2012 viser årlege variasjonar. I 2008 var arbeidsløysa i fylket rekordlåg med eit årssnitt på 1,3 prosent. I 2010 steig ho til 2,4 prosent, og ved utgangen av 2012 var ho 1,9 prosent. I perioden har arbeidsløysa i fylket aldri vore høgare enn i landet elles. Dei fleste åra har ho vore om lag 0,5 prosentpoeng lågare enn landsgjennomsnittet.

Som i landet elles, var arbeidsløysa høgast blant menn i 2012. Medan 2,0 prosent av mennene og 1,8 prosent av kvinnene i arbeidsstyrken var arbeidslause, var ho for menn og kvinner i Noreg høvesvis 2,7 og 2,3 prosent.

Registrert arbeidsledige i prosent av arbeidsstyrken september 2013

Last ned

Registrert arbeidsledige etter kjønn, fylke og landet i perioden 2008-2012

Last ned