God auke i talet på sysselsette i 2012
I Møre og Romsdal auka talet på sysselsette med 1 176 personar eller 0,9 prosent i 2012. Dette er ein noko svakare vekst enn året før, og plasserer Møre og Romsdal på ein 10. plass mellom fylka.
Sysselsettingsveksten i fylket var noko svakare enn i landet elles, der veksten var på 1,1 prosent. Møre og Romsdal var blant dei 14 fylka i landet som hadde vekst i sysselsettinga i 2012. Rogaland og Sør-Trøndelag hadde den største veksten førre året – begge 2 prosent. Fire fylke opplevde ein liten nedgang i sysselsettinga, og størst var nedgangen i Nordland med 0,4 prosent.
Dei siste fem åra auka talet sysselsette i Møre og Romsdal med 2,4 prosent. Dette er noko mindre enn for landet sett under eitt (2,5 prosent), størst auke dei siste åra var det i Rogaland med 7 prosent og Akershus med 4,9 prosent.
I 2012 vart det 734 fleire sysselsette innan sørvisnæringane i Møre og Romsdal. Det gir ein relativ auke på 1,7 prosent frå 2011 til 2012. Sysselsettinga i sekundærnæringane vaks med 1,4 prosent, noko som gir 469 fleire sysselsette i same periode. Innanfor primærnæringane vart det 377 færre sysselsette førre året, noko som gir ein reduksjon på 6,3 prosent. Relativt var sysselsettingsveksten sterkast innan offentleg administrasjon, forsvar og sosialforsikring (2,6 prosent eller 148 fleire sysselsette).
Dei siste fem åra har det blitt 887 færre sysselsette i primærnæringane, noko som svarar til ein tilbakegang på 13,7 prosent. Sterkast vekst i perioden var det innan offentleg administrasjon, forsvar og sosialforsikring, med 11,4 prosent. I absolutte tal har sysselsettingsveksten vore sterkast innan helse- og sosialtenester, med 1 913 fleire sysselsette frå 2008-2012.