Fleire menn og færre kvinner blant dei sysselsette
70 058 menn og 59 590 kvinner var sysselsett og hadde sin arbeidsstad i Møre og Romsdal i 2012. Dette er 1 348 fleire menn og 172 færre kvinner enn året før. Utviklinga for landet viser eit anna bilete. Her auka talet på sysselsette både blant menn og kvinner førre året.
Den relative fordelinga mellom kjønna sett i høve til sysselsetting i Møre og Romsdal, er forholdsvis lik landet elles. Fordelinga viser samstundes at det er noko fleire menn og færre kvinner sysselsett i Møre og Romsdal samanlikna med landet. Medan 46 prosent av alle sysselsette i Møre og Romsdal er kvinner, er den tilsvarande delen for landet 46,9 prosent.
Gjennomsnittsalderen blant dei sysselsette i Møre og Romsdal var i 2012 på 42,4 år. For menn var gjennomsnittsalderen 42,7 år og for kvinner 42 år. Dette er høgare enn for landet elles, der gjennomsnittsalderen var 41,7 år. Samanlikna med 2011 har samstundes gjennomsnittsalderen for menn og kvinner i Møre og Romsdal gått litt opp for menn og litt ned for kvinner.
72,7 prosent av alle sysselsette i fylket arbeidde heiltid, medan 27,3 prosent arbeidde kort eller lang deltid i 2012. For landet elles var denne delen 26,5 prosent. Meir enn dobbelt så mange kvinner som menn arbeidde deltid i fylket – 24 500 kvinner og 10 900 menn. For begge kjønn var dette færre enn året før. Medan 41,2 prosent kvinner arbeidde deltid i 2012, var den tilsvarande delen for menn 15,5 prosent. I Noreg var det på same tid 37,7 prosent kvinner og 16,7 prosent menn som arbeidde deltid.
Kommunen med høgast del sysselsette på heiltid blant kvinner var Molde, med 65,5 prosent. Flest kvinner i deltid var det i Midsund. Det var flest menn i heiltid i Sandøy, med 90,4 prosent, medan det var flest menn som arbeidde deltid i Surnadal i 2012.