Fleire innan helse- og sosialtenester, færre arbeider deltid
Frå 2008 til 2012 auka talet på sysselsette i Møre og Romsdal med 3 030 personar. Auken var størst innan helse- og sosialtenester, med 1 931 fleire sysselsette i perioden. Det svarar til ein relativ auke på 7,8 prosent. Deretter følgjer bransjane bergverksdrift og utvinning og bygge- og anleggsverksemd, med høvesvis 972 og 743 fleire tilsett i perioden
Om lag 70 prosent av dei 1 931 nye tilsette innan helse- og sosialtenester i perioden 2008-2012 arbeidde 30 timar eller meir. Frå 2008 til 2012 er det blitt relativt færre som arbeider deltid innan helse- og sosialtenester. I perioden har delen som arbeider 1-19 timar gått med frå 24,3 prosent til 23,2 prosent. I absolutte tal er det blitt 187 fleire sysselsette som arbeider 1-19 timar i veka. Delen som arbeider 20-29 timar i veka er relativt uendra i perioden, medan delen som arbeider 30 timar eller meir per veke auka med om lag 1 prosentpoeng til 54,7 prosent i 2012. I absolutte tal er det 1 336 fleire sysselsette som arbeider 30 timar eller meir.
I statistikken omfattar helse- og sosialtenester tre næringsgrupper. Av dei nye tilsette i perioden, er om lag halvparten sysselsett i “pleie og omsorg i institusjon”, nærare 40 prosent i “omsorg utan bu-tilbod, barnehagar, etc.” og litt over 10 prosent i “helsetenester”.