Fleire arbeidsplassar i offentleg sektor
Frå 2008 til 2012 auka talet på sysselsette i offentleg sektor i Møre og Romsdal med 2 849 personar. Dette utgjer 94 prosent av den totale sysselsettingsveksten i fylket i same tidsrom. Det er særleg i kommunane det har vorte fleire tilsette. På fire år har veksten vore 1 961 sysselsette. Desse stillingane kom i hovudsak i helse- og omsorgssektoren (1212) og undervisning (332).
I 2012 utgjorde dei offentlege arbeidsplassane 29,9 prosent av arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal. Dette er om lag som landsgjennomsnittet (30,1 prosent). Det er store forskjellar mellom kommunane her. Offentleg sektor utgjorde 45,6 prosent av sysselsettinga i Tingvoll og 45,4 prosent i Volda. I andre enden ligg Ulstein, der dei offentlege arbeidsplassane berre er 16,3 prosent av sysselsettinga.
I perioden 2008 til 2012 fekk vi 22 793 fleire statlege arbeidsplassar i Noreg. Av desse kom 674 i Møre og Romsdal. Ser vi på årsverka innan statleg sektor, finn vi at Møre og Romsdal framleis har ein relativt låg del av desse kompetansearbeidsplassane. Oslo toppar lista med 94 statlege årsverk per 1000 innbyggjar, medan Møre og Romsdal ligg nest lågast av fylka med 31 statlege årsverk per 1000 innbyggjar. I våre nabofylke Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane er tala 63 og 37.
Av dei 674 nye stillingane i statleg sektor i åra 2008 til 2012, kom 339 i Ålesund, 112 i Molde og 67 i Kristiansund. Volda ser ut til å ha hatt ein nedgang i statlege arbeidsplassar i same periode. Det er likevel Volda og Molde som har flest statlege stillingar i forhold til folketalet, begge med 89 årsverk per 1000 innbyggjar. Deretter følgjer Ålesund med 68 og Kristiansund med 39. I 26 av kommunane i Møre og Romsdal utgjer statlege arbeidsplassar under 10 årsverk per 1000 innbyggjar.