5 100 færre arbeidsplassar enn arbeidstakarar

5 100 færre arbeidsplassar enn arbeidstakarar

Arbeidsplassdekninga i Møre og Romsdal var i 2012 på 96 prosent. Dette er om lag som året før og betyr at fylket hadde omlag 5 100 færre arbeidsplassar enn arbeidstakarar.

Oslo er det fylket i landet som har klart flest arbeidsplassar. Her var overskotet i 2012 på nærare 105 850 arbeidsplassar, noko som gir ei arbeidsplassdekning på 131,6 prosent. Deretter følgjer Sør-Trøndelag, Rogaland og Vest-Agder med om lag like mange arbeidsplassar som arbeidstakarar. I botnen blant fylka låg Akershus med eit underskot på 36 000 arbeidsplassar, noko som svarar til ei arbeidsplassdekning på 87,7 prosent. Møre og Romsdal plasserer seg dermed på ein 8. plass mellom fylka.

Ulstein og Molde kommunar hadde det største overskotet av arbeidsplassar førre året, høvesvis 126,2 prosent og 124,3 prosent. Også i Ålesund, Sunndal, Stordal og Volda kommunar var det fleire arbeidsplassar enn arbeidstakarar i 2012. Kristiansund kommune hadde på same tid om lag like mange arbeidsplassar som arbeidstakarar.

Blant kommunane var det 10 som hadde betre arbeidsplassdekning enn fylkesgjennomsnittet, medan Nesset, Gjemnes, Sula og Giske hadde lågast arbeidsplassdekning blant kommunane, alle rundt 60-62 prosent. Lågast var ho i Nesset med 60 prosent.

Arbeidsplassdekning 2012

Last ned

Arbeidsplassdekning kommunevis 2012

Last ned