1 av 5 sysselsett i helse- og sosialtenester
Sørvisnæringar sysselset klart flest i Møre og Romsdal – nærare 34 prosent. Dette er noko færre enn i landet elles, der 40 prosent var sysselsett innanfor desse næringane i 2012. På same tidspunkt var 27 prosent sysselsett i sekundærnæringar i Møre og Romsdal. Dette er klart fleire enn i landet som heilskap.
I Møre og Romsdal arbeidde 1 av 5 i helse- og sosialtenester i 2012. Industrien var den nest største næringa (16,5 prosent), og varehandel var den tredje største næringa (13 prosent). Til saman var om lag 50 prosent av dei sysselsette i fylket sysselsett i ein av desse tre næringane. Desse næringane var også dei største næringane i landet.
Helse- og sosialtenester, industri og varehandel var dei største næringane i fylket også i 2011. I absolutte tal har sysselsettinga auka innan helse- og sosialtenester og gått tilbake innan industri og varehandel frå 2011 til 2012.
Helse- og sosialtenester var den næringa som sysselsette flest i 25 kommunar i 2012. Klart størst sysselsetting var det i Volda, med 31,1 prosent. I absolutte tal var sysselsettinga størst i Ålesund, med 6 025 sysselsette. I 10 kommunar dominerte industrien. Den største industrikommunen var Haram. I Herøy kommune var transport og lagring den største næringa.
Ålesund, Molde og Kristiansund hadde ei noko høgare sysselsetting innan sørvisnæringar enn dei andre kommunane i fylket. Samanlikna med dei to andre byane, hadde Molde ei høgare sysselsetting innan industri og offentleg administrasjon, og i Kristiansund var nærare 10 prosent sysselsette innan transport og lagring. I absolutte tal var sysselsettinga i industri og transport og lagring større i Ålesund enn i høvesvis Molde og Kristiansund.