1 539 fleire innvandrarar i arbeid

1 539 fleire innvandrarar i arbeid

I 2012 var det 13 862 sysselsette innvandrarar i Møre og Romsdal, ein auke på 1 539 personar eller 12,5 prosent frå 2011. Same året auka talet på sysselsette med 1 176 personar. Det betyr at innvandrarane stod for meir enn heile sysselsettingsveksten i Møre og Romsdal i 2012.

Det var størst auke i tal sysselsette blant innvandrarane frå EU-landa i Aust-Europa. Sett under eitt var auken i tal sysselsette innvandrarar frå alle EU/EFTA-landa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand på til saman 1 179 personar, eller 76 prosent av alle sysselsette innvandrarar i 2012.

Sjølv om talet på sysselsette innvandrarar auka, gjekk sysselsettingsprosenten1 for innvandrargruppene tilbake frå 69,4 prosent i 2011 til 68,9 prosent i 2012. Endringa kjem av at talet på busette innvandrarar auka noko meir enn talet på sysselsette innvandrarar. For heile befolkninga låg delen sysselsette på 70,7 prosent. Det var med andre ord ein skilnad i sysselsettingsprosenten på 1,8 prosentpoeng mellom innvandrarane og heile befolkninga i Møre og Romsdal i 2012. I Noreg var denne skilnaden på 5,9 prosent.

Samanlikna med heile landet, var delen sysselsette innvandrarar høgare i Møre og Romsdal – 62,8 prosent i Noreg og 68,9 prosent i Møre og Romsdal. Dette gir ein skilnad i delen sysselsette innvandrarar på 6,1 prosent.

I 2012 var 73,8 prosent av mennene og 63 prosent av alle kvinnene i innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal sysselsett. Dette er ein skilnad på 10,8 prosentpoeng. I heile befolkninga i fylket var den tilsvarande skilnaden på 7 prosentpoeng. Ser vi på innvandrargruppene frå EU/EFTA-landa2, er sysselsettinga blant både menn og kvinner høgare enn i heile befolkninga sett under eitt.

Sysselsette etter bustadsfylke og landgruppe. Absolutte tal og i prosent av personar i kvar gruppe. 4. kvartal 2012

Last ned

Sysselsette innvandrarar i Møre og Romsdal etter kjønn

Last ned