Liten auke i FoU-utgiftene

Liten auke i FoU-utgiftene

I 2010 vart det brukt om lag 890 millionar kroner på forsking og utviklingsarbeid (FoU) i Møre og Romsdal. Dette er ein liten auke frå året før, då det totalt vart brukt 870 millionar kroner. I Noreg vart det totalt brukt 44,4 milliardar kroner og FoU-utgiftene i Møre og Romsdal utgjorde 2 prosent av dette i 2010, mot 2,1 prosent året før.

Det er store regionale variasjonar i FoU-utgiftene, med ein konsentrasjon av aktiviteten i fylka som har store forskingsintensive universitet, høgskular og institutt. Oslo hadde 30,7 prosent av dei totale FoU-utgiftene i Noreg i 2010, følgd av Sør-Trøndelag som hadde 16,6 prosent.

Dersom vi ser på FoU-utgifter i høve til folketalet, vart det i Møre og Romsdal brukt om lag 3 500 kroner per innbyggar til FoU i 2010. Snittet for landet var 9 000 kroner. Til samanlikning brukte ein i Sør-Trøndelag og Oslo høvesvis 25 200 kroner og 23 000 kroner per innbyggar.

I Møre og Romsdal stod næringslivet for hovuddelen av FoU-aktiviteten, med 662 millionar kroner eller 74 prosent av FoU-utgiftene i fylket. På landsbasis utførte næringslivet 45 prosent av FoU-aktiviteten. Instituttsektoren i Møre og Romsdal stod for 13 prosent, 12 prosent vart utført i universitets- og høgskulesektoren og ein prosent i helseføretak. Det er stor variasjon i sektorfordelinga mellom fylka, og det er næringsstruktur og lokalisering av universiteta som særleg påverkar dei enkelte fylka si fordeling av FoU-utgifter.

Når det gjeld menneskelege ressursar til forsking, hadde Møre og Romsdal eit FoU-personale på 1 832 personar i 2010. Av desse var 1 041 forskarar/fagleg personale, medan dei resterande hadde teknisk/administrative stillingar. Næringslivet hadde flest forskarar, med 469 personar, medan universitets- og høgskulesektoren hadde nesten like mange, med 411. Sett i forhold til talet på sysselsette hadde Møre og Romsdal 8 forskarar per 1 000 sysselsette i 2010. Sør-Trøndelag hadde flest, med 46, medan snittet for landet var 18. Om lag kvar fjerde forskar i Møre og Romsdal hadde doktorgrad (18 prosent). Av forskarane i næringslivet i fylket hadde 6 prosent doktorgrad.

Størstedelen av FoU-utgiftene i fylket vart finansiert av næringslivet (69 prosent). Dette er den nest høgaste delen næringslivsfinansiering i landet, nest etter Buskerud. Næringslivet finansierer gjerne størstedelen av sine FoU-utgifter sjølv, slik at dei fylka med stor FoU-aktivitet i næringslivet typisk også har høg grad av næringslivsfinansiering. På landsbasis er offentlege kjelder den viktigaste finansieringskjelda, med 46 prosent av totale FoU-utgifter i 2010. I Møre og Romsdal finansierte offentlege kjelder 24 prosent av forskinga, andre kjelder stod for 5 prosent og 2 prosent vart finansiert av utanlandske kjelder.

SkatteFUNN1 er ei viktig finansieringskjelde for næringslivet. For 2011 er det registrert 228 aktive prosjekt i Møre og Romsdal, med ein budsjettert prosjektkostnad på 514,5 millionar kroner. Budsjettert skattefrådrag for desse prosjekta er 90,1 millionar kroner. Med dette kjem Møre og Romsdal på ein 6. plass blant fylka. Dei fleste SkatteFUNN-prosjekta i fylket finn vi innanfor maritim sektor og marin/sjømat.

Ei ordning med regionale forskingsfond vart oppretta i 2010 og Møre og Romsdal er ein del av Regionalt forskingsfond Midt-Norge saman med Sør- og Nord-Trøndelag. Forskingsfondet lyser ut forskingsmidlar innanfor spesifiserte satsingsområde som aktørar innanfor næringsliv og offentleg sektor kan søke på. Totalt vart det i 2011 godkjent 25 prosjektsøknader som fekk til saman 22,3 millionar kroner i støtte. I om lag halvparten av prosjekta var prosjektansvarlig lokalisert i Møre og Romsdal, og desse prosjekta fekk til saman 7,4 millionar kroner i støtte.

Totale FoU-utgifter i 2010 etter fylke og sektor

Last ned

Forskarpersonale i 2010 etter fylke og sektor. Del med doktorgrad i parentes

Last ned

FoU-utgifter i 2010 etter finansieringskjelde og fylke

Last ned

SkatteFUNN: Aktive prosjekt i 2011 fylkesvis. Budsjettert frådrag i mill kr i parentes

Last ned

Regionalt forskingsfond Midt-Norge. Godkjente prosjektsøknader med søknadsfrist i 2011.

Last ned