Høgskulane framleis populære

Høgskulane framleis populære

Høgskulane i Møre og Romsdal fekk 3 065 søknader frå eige fylke, og er såleis framleis det mest populære valet for studentar frå Møre og Romsdal, sjølv om veksten i 2012 (4,8 %) var lågare enn åra før.

Tala frå hovudopptaket i 2012 visar at universiteta er mindre populære i år enn i fjor blandt søkjarar frå Møre og Romsdal. Søkarane til høgare utdanning frå Møre og Romsdal har i større grad enn tidligare valt å søke på studium i mindre byar og utdanningsinstitusjonar. Talet på søkarar til Oslo fall med 5,4 prosent, til Sør-Trøndelag med 0,6 prosent, medan Hordaland hadde ein svak vekst på 1,5 prosent. Dei to byane som skil seg litt ut frå bildet er Stavanger og Tromsø, som hadde ein vekst på høvesvis 16,3 og 11,6 prosent. Samstundes vaks søkartala til Oppland med 12,1 prosent og til resten av landet med 10,7 prosent.

Nøkkeltala for høgskulane i fylket viser at det hausten 2011 var registrert 6 314 studentar ved høgskulane, noko som er ein auke på 264 studentar, eller 4,4 prosent, frå 2010 til 2011. Høgskolen i Ålesund (HiÅ) var den einaste som hadde ei negativ utvikling, med ein nedgang på 1,3 prosent eller 24 studentar. Samstundes hadde HiÅ ein kraftig vekst i talet på søkjarar, med heile 17,2 prosent, medan veksten var noko lågare ved Høgskolen i Molde (5,2 %) og Høgskulen i Volda (7,4 %).

Den vitskaplege produksjonen ved høgskulane vert målt i såkalla publikasjonspoeng. Frå 2010 til 2011 auka den vitskaplege produksjonen ved høgskulane med om lag 30 prosent. I hovudsak skuldast dette høg vekst ved Høgskolen i Ålesund og Høgskulen i Volda, som begge hadde ein vekst i publikasjonspoeng på om lag 43 prosent. Ved Høgskolen i Molde (HiM) var veksten på 8,6 prosent. Trass dette er HiM framleis nest størst i fylket når det kjem til vitskapleg produksjon, med 63 poeng i 2011. Høgskulen i Volda produserer framleis mest, med 113 poeng. Høgskolen i Ålesund hadde ein vitskapleg produksjon på 23,4 poeng.

Søkarar til høgare utdanning frå Møre og Romsdal 2011 og 2012

Last ned

Registrerte studentar, søkjartal og tilsette og publikasjonspoeng ved høgskolane i Møre og Romsdal

Last ned