Fleire barn går i barnehage

Fleire barn går i barnehage

Utviklinga det siste året, både på regionalt og nasjonalt nivå, er at det er noko fleire barn som går i barnehage i 2011 enn i 2010, medan det er nokon færre barnehagar. Frå 2010 til 2011 har fire barnehagar blitt nedlagt, medan det er 121 fleire barn som går i barnehage i Møre og Romsdal. På landsbasis har det blitt 113 færre barnehagar, medan det er 5 461 fleire barn som går i barnehage.
I Møre og Romsdal har nedgangen i talet på barnehagar kome i offentleg sektor. På landsbasis har nedgangen i talet på barnehagar kome både i privat og i offentleg sektor, med ein nedgang på 46 offentlege og 67 private barnehagar.

Talet på barn som har avtalt opphaldstid per veke på 33 timar eller meir aukar. I 2001 hadde 47 prosent av barna i barnehagane i Møre og Romsdal ei avtalt opphaldstid på 32 timar eller mindre, medan 53 hadde ei avtalt opphaldstid på 33 timar eller meir. I 2011 har 10 prosent av barna i barnehagane ei avtalt opphaldstid på 32 timar eller mindre, medan 90 prosent har ei avtalt opphaldstid på 33 timar eller meir.

Dekningsgraden for barn 1-5 år er høgare i Møre og Romsdal enn for landet. I fylket er dekningsgraden 92,2 prosent, medan den er 89,6 prosent for landet. Dekningsgraden er lågast i Nesset, med 80,9 prosent, og høgast i Gjemnes, med 102 prosent.
Talet på tilsette i barnehagane auka frå 2010 til 2011, trass i at det er blitt færre barnehagar. Auken var på i alt 19 tilsette. I same periode har det vore ein nedgang i talet på tilsette med førskulelærarutdanning. Av dei 4 521 tilsette i barnehagane i fylket, er det 1 289, eller 29,1 prosent, som har førskulelærarutdanning. Det er lågare enn landet, kor 32,4 prosent har førskulelærarutdanning. Lågast del tilsette med førskulelærarutdanning er det i Vanylven, med 17,3 prosent, medan delen er høgast i Tingvoll, med 51,1 prosent.

Barnehager - tal barn med plass, per kommune, fylke og landet, 2011.

Last ned