7 av 10 fullførte vidaregåande opplæring

7 av 10 fullførte vidaregåande opplæring

7 av 10 fullførte vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal i 2011. Dette var færre enn både i 2009 og 2010, men klart høgare enn i landet elles.

Gjennomføring er målt som delen av elevar og lærlingar som fullfører den vidaregåande opplæringa (vgo) i løpet av 5 år. Gjennomføringa i Møre og Romsdal er blant dei høgste i landet, for 2005-kullet (fullført i 2010) var det berre Sogn og Fjordane som hadde høgare gjennomføringstal.

Den største utfordringa når det gjeld gjennomføring er innanfor yrkesfag og spesielt overgangen skule – fagopplæring. Sjølv om Møre og Romsdal ligg vesentleg over nasjonale tal når det gjeld å teikne lærekontraktar for yrkesfagelevar, er det likevel ei utfordring for heile opplæringssystemet at berre 40 prosent av elevane som går ut Vg2 yrkesfag teiknar lærekontrakt. Møre og Romsdal har fleire elevar på yrkesfag enn dei aller fleste fylka i Noreg. Derfor er det ei ekstra utfordring for både skule og arbeidsliv å få ungdomen i opplæring i bedrift.

Ei anna stor utfordring er at om lag 20 prosent av elevane som går ut frå Vg2 yrkesfag ikkje er i opplæring året etter. Delen er gradvis redusert dei siste 3 åra og ligg godt under det nasjonale gjennomsnittet.

Sjølv om dei fleste er i arbeid, er det mange ungdomar som er utanfor både opplæring og arbeid. Dei er særleg utsette, fordi det er sannsynleg at dei ikkje vil få ei formell utdanning. Mange av dei som får seg arbeid og ikkje fortset utdanninga, vil ein gjerne sjå att som fagarbeidarar seinare, fordi dei kan gå opp til fagprøve innafor praksiskandidatordninga.

Tal viser dessutan at vel 40 prosent av ungdomane frå vidaregåande skule som avslutta med studiekompetanse går direkte over til universitets- og høgskuleutdanning.

4,4 prosent avbraut utdanninga førre skuleår

Fråfallet innafor vidaregåande opplæring er definert som tal på elevar og lærlingar som sluttar i opplæringsløpet og er ute av opplæringa i minst to påfølgjande år. Ein har ikkje tal på dette, verken på fylkes- eller nasjonalt nivå. I Møre og Romsdal var det om lag 4,4 prosent som avbraut utdanninga og slutta skuleåret 2011/2012. Dei fleste av dei som avbraut utdanninga vil starte opp att året etter. Utfordringa er å ha oversyn og følgje opp dei som ikkje startar opp att året etter.

437 i fagskuleutdanning

Det er to offentlege fagskular i Møre og Romsdal. Fagskolen i Ålesund var den største av desse, med 269 studentar våren 2012.

I den samla studentmassen var fleirtalet menn, heile 87 prosent. Ved Fagskolen i Ålesund var det 5 kvinner blant studentane, noko som gir ein mannsdel på 98 prosent. Ved Fagskolen i Kristiansund var delen menn 70 prosent. Tilbodet ved dei to skulane er i stor grad tradisjonelle mannsfag – t.d. maritime fag, maskinteknikk, bygg og anlegg, elektro – noko som forklarar fleirtalet av menn ved studiestadane. Også nasjonalt er det flest menn i studentmassen.

Søkarar 2012 – jenter og gutar

Last ned

Søkarar Vg1 etter ønske

Last ned

Elevar i % som har greid vgo i løpet av fem år

Last ned

Elevar i % Vg2 yrkesfag i 2011, lære i 2012

Last ned

Elevar i % Vg2 yrkesfag i 2011, ikkje i utdanning i 2012

Last ned

Elevar i % med direkte overgang frå vgo til høgare utdanning

Last ned

Aktive studentar fagskular

Last ned