217 grunnskular i fylket

217 grunnskular i fylket

Hausten 2011 var det 217 grunnskular i fylket. 13 av desse var private, medan resten var offentlege. Nasjonalt var det 3 000 grunnskular – 172 var private, resten var offentlege. Den relative fordelinga mellom private og offentlege skular er likeins i Møre og Romsdal som i landet elles, om lag 93 prosent offentlege og 7 prosent private.

I alt var det 33 119 elevar i grunnskulen i Møre og Romsdal. Dette var ein liten nedgang, på 91 elevar eller 0,3 prosent, frå 2010.

Ni prosent av alle elevane i Møre og Romsdal fekk spesialundervisning hausen 2011. Dette var om lag på same nivå som i landet elles. Delen av elevar som fekk spesialundervisning i 2011 var større på 8.-10. årstrinnet enn på 1.-7. årstrinnet. Same mønster var det i alle fylka i landet.

52,1 prosent av elevane i Møre og Romsdal hadde nynorsk som målform, medan 47,9 hadde bokmål som opplæringsmålform. Nasjonalt var det 86,7 prosent som hadde bokmål som målform, medan 12,8 prosent hadde nynorsk og 0,1 prosent samisk. Resterande (0,4 %) er ikkje kjent. Av dei elevane som hadde nynorsk som målform i Noreg, var nærare 9 av 10 av desse heimehøyrande i dei fire fylka på Vestlandet.

Overgangen frå grunnskule til vidaregåande skule var i 2010 på 97,9 prosent. Delen har halde seg høvesvis uendra kvart år sidan 2006 og betyr at relativt fleire av elevane i grunnskulen i Møre og Romsdal starta på vidaregåande opplæring enn i landet elles. Slik har det vore kvart år sidan 2006.

Grunnskular etter eigarforhold. 2011

Last ned

Elevar i grunnskolen og del elevar som får spesialundervisning, etter fylke og årssteg. 1. oktober 2011

Last ned

Overgang frå grunnskule til vidaregåande opplæring (prosent)

Last ned