10 260 elevar i vidaregåande opplæring

10 260 elevar i vidaregåande opplæring

I 2011 var det 10 260 elevar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Dette var om lag som året før. Nærare 90 prosent av elevane som var i vidaregåande opplæring i 2011 var i aldersgruppa 16-18 år.

Dei siste 5 åra har talet på elevar og lærlingar med innvandrarbakgrunn auka jamt. Talet på lærlingar med innvandrarbakgrunn er tilnærma fordobla frå 2007 til 2011.
I 2012 var det 4 374 søkjarar til 1. året på vidaregåande skule. Nærare 9 av 10 søkjarar vart tekne inn på sitt første ønske om utdanningsprogram. 52 prosent av desse søkte seg til yrkesfag, om lag 2 prosentpoeng færre enn i 2011.

Studiespesialisering og industrifaget Teknikk og industriell produksjon er dei utdanningsprogramma som har hatt flest søkjarar dei siste 3 åra.

På nokre av utdanningsprogramma er søkinga sterkt kjønnsdelt. Gutane dominerer innan dei ”klassiske” industrifaga, som Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag og Teknikk og industriell produksjon. Trass ulike tiltak og prosjekt for at jenter skal søkje industrifag, har ein ikkje makta å betre kjønnsfordeling. Jentene dominerer innan utdanningsprogramma Design og handverk og Helse- og sosialfag og i dei studiespesialiserande programma Medium og kommunikasjon, Musikk/dans/drama og Studiespesialisering.

Når elevane skal søkje andre året på utdanningsprogrammet Studiespesialisering må dei velje retning – realfag eller språk-/samfunnsfag. I 2012 fordelte søkjarane seg omtrent likt på desse to – vel 47 prosent av elevane valde realfag. Blant desse var det omtrent like mange jenter som gutar.

Elevar i videregåande opplæring etter studieretning/utdanningsprogram, Møre og Romsdal

Last ned

Elevar og lærlingar med innvandrarbakgrunn Møre og Romsdal

Last ned

Søkjarar i prosent fordelt på studieprogram i Møre og Romsdal

Last ned

Elevar i prosent som har fått førsteønsket til utdanningsprogram

Last ned