1 av 4 har høgare utdanning

1 av 4 har høgare utdanning

Nærare 24 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal som er 16 år eller eldre har universitets- eller høgskuleutdanning. Dette er 5 prosentpoeng færre enn i landet elles, kor delen var 29 prosent ved inngangen til 2012. Berre seks andre fylke har færre i befolkninga med høgare utdanning enn Møre og Romsdal.

Delen av befolkninga med høgare utdanning har auka med 3 prosentpoeng siste 5 år, både i Møre og Romsdal og i landet.

Nærare 46 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal hadde ved inngangen til 2012 ei utdanning på vidaregåande skule-nivå. Delen med ei slik utdanning er klart høgare i Møre og Romsdal enn i landet elles, kor 42,3 prosent hadde ei slik utdanning.

Frå 2006 til 2011 gjekk delen av befolkninga med berre grunnskuleutdanning ned frå 33 til 30 prosent. Dette er same utviklinga som i landet elles, kor delen av befolkninga med grunnskuleutdanning var på om lag 29 prosent ved utgangen av 2011.

38 prosent av 30-39 åringane i Møre og Romsdal hadde utdanning på høgare nivå ved inngangen til 2012. Delen med utdanning på vidaregåande nivå var klart størst i aldersgruppa 60-66 år.
På same tidspunkt var det langt fleire kvinner enn menn som hadde utdanning på høgare nivå; – 27 prosent av kvinnene og 20 prosent av mennene. Heile 50 prosent av mennene hadde utdanning på vidaregåande skule-nivå, mot 42,5 prosent av kvinnene.

Næringsstrukturen er ei viktig årsak til å forklare utdanningsnivået i befolkninga i Møre og Romsdal, og slik sett også kvifor utdanningsnivået i fylket har eit noko lågare utdanningsnivå enn i landet sett under eitt.

Personar 16 år og over, etter utdanningsnivå. 2011

Last ned

Relativ del av befolkninga med høgare utdanning 2011

Last ned

Personar 16 år og over, etter utdanningsnivå. Møre og Romsdal. 2011 (prosent)

Last ned