Vekst ved alle lufthamner

Vekst ved alle lufthamner

I 2011 fortsette den positive utviklinga frå 2010 i talet på flypassasjerar ved flyplassane i fylket. Samla var veksten på 14,9 prosent. Best utvikling hadde Molde lufthamn Årø, med ein vekst i flypassasjertala på 11,6 prosent. Ålesund lufthamn Vigra hadde ein vekst på 11,4 prosent, medan Kristiansund lufthamn Kvernberget vaks med 7,0 prosent og Ørsta-Volda Hovden med 1,5 prosent. Til samanlikning opplevde Gardermoen, Noregs hovedlufthamn, ein auke på 10,5 prosent.

Medan det i 2010 var ei positiv utvikling i passasjertala grunna auke i chartertrafikken, var det i 2011 auken i ruteflyginga som utgjorde veksten. Frå 2010 til 2011 auka den med 10,6 prosent i fylket og alle lufthamnene opplevde ei positiv utvikling.

Kristiansund lufthamn Kvernberget er fylkets offshore-lufthamn med 77 430 passasjerar i 2011, som var 12,7 prosent av den samla offshoretrafikken i landet – ein nedgang frå året før på 1,6 prosentpoeng. Dette kjem som eit resultat av nedgang i offshoretrafikken på 3,8 prosent eller 3 096 passasjerar frå 2010.

Lufttransport. Tal passasjerar og godsmengde på Gardermoen og flyplassane i fylket, 2011.

Last ned