Stort vedlikehaldsetterslep

Stort vedlikehaldsetterslep

Fylkeskommunen vart frå 1. januar 2010 eigar av over 3000 km veg. Vedlikehaldsetterslepet er på desse berekna til om lag 700 millionar kroner i Møre og Romsdal.

Statens vegvesen, Vegdirektoratet, utarbeidde i 2012 ein rapport der forfallet på bruer, ferjekaier og tunellar på fylkesvegnettet vart kartlagt. Eit kostnadsoverslag syner at det er behov for om lag 18 milliardar kroner på landsbasis for å fjerne dette forfallet. Møre og Romsdal er det fylket som kjem nest dårlegast ut. Det samla behovet her er på om lag 3,1 milliardar kroner. Av dette er om lag 2,6 milliardar kroner knytt til dei 61 fylkesvegtunellane, 170 millionar kroner til små og store bruer og om lag 330 millionar kroner til 38 ferjekaier i dårleg stand. Dette er forfall som oppstått over tid.

Kartlagt behov fordelt på fylke 2012 i mill. kroner

Last ned