Sterk auke i ferjetrafikken

Sterk auke i ferjetrafikken

Det er totalt 25 ordinære ferjesamband i Møre og Romsdal. 21 av dei er fylkesvegferjer, dei resterande 4 er riksvegferjer. Det er stor skilnad i kva for trafikkmengd dei ulike sambanda transporterer. Størst er riksvegferjesambandet Molde-Vestnes, som i 2011 transporterte ein PBE på 1 411 852 (PBE – personbileining). Det minste sambandet er fylkesvegferjesambandet Molde - Sekken, som transporterte ein PBE på 21 431 i 2011.

Tal reiser aukar stadig. Det kan vi også sjå på ferjestatistikken, der ferjetrafikken i perioden 2000-2011 har auka kraftig. Det er likevel store skilnader mellom sambanda. Sambandet Sandvika-Edøya har auka med heile 89 prosent. I sju samband har trafikken auka med mellom 60 og 89 prosent i denne perioden.

Det går 31 ferjer i samband i Møre og Romsdal. Ferjemateriellet har per 2012 ein gjennomsnittsalder på om lag 17 år.

Største ferjesambanda i Møre og Romsdal målt i personbileiningar

Last ned