Stabile passasjertal for TIMEkspressen

Stabile passasjertal for TIMEkspressen

Talet på reisande med TIMEkspressen syner at tilbodet har fått ei stabil brukargruppe. Frå 2010 til 2011 gjekk talet på passasjerar ned med 0,2 prosent, eller 1 069 reisande. Samstundes auka talet på innkøyrde kroner med 2,4 prosent, eller 567 300 kroner. Trass i at det har vore ein svak nedgang i talet på passasjerar det siste året, så er utviklinga langt meir positiv enn tidlegare. I alt har TIMEkspressen hatt 3 525 968 passasjerar og har køyrt inn 150 millionar kroner i perioden 2005-2012.

Tal passasjerar og omsetning TIMEkspressen, 2007-2011

Last ned