Skuleskyss

Skuleskyss

Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for skuleskysstenesta. Som hovudregel har elevar i grunnskulen rett på gratis skuleskyss når dei har meir enn 4 km skuleveg, for førsteklassingar meir enn 2 km skuleveg. Elevar i vidaregåande skule har ei skyssgrense på 6 km. Skyssretten gjeld til og frå skule ved ordinær start- og sluttid.

Mesteparten av skulereisene går med bilrute, sjølv om nokre i tillegg må nytte ferje og hurtigbåt for å kome seg til skulen. Gjennom femårsperioden 2007-2011 har tal elevar med rett til skuleskyss i grunnskulen vore i snitt 9 600, og i vidaregåande skule 4 700. Tal skulereiser varierer mellom 5 og 6 millionar per år.

I perioden 2007-2011 fekk om lag 29 prosent av alle barn i grunnskulen, og 46 prosent av alle elevar i vidaregåande skule, gratis skuleskyss. Mesteparten av desse reisene går med ordinær rutetrafikk.

Tal skulereiser og elevar i grunnskolen. Møre og Romsdal

Last ned

Tal skulereiser og elevar i videregåande skule. Møre og Romsdal

Last ned